-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Reglar:
Desse reglane gjeld både for deltakarar og besøkande. Brott på reglane kan føra til bortvising og/eller utestenging, og i verste fall politianmeldelse.
§1 Alkohol, tobakk og andre rusmidlar er strengt forbode, og verken bruk eller oppbevaring tolererast på arrangementet. Rusa personar vil ikkje få adgang. Om nødvendig vil politiet bli tilkalla.
§2 Andre deltakarar eller besøkandes gjenstandar som blir skada eller øydelagt, må den skyldige erstatta, uavhengig av om skadeverket blei påført med vilje eller ikkje.
§3 Arrangørane kan ikkje haldast ansvarleg for eventuell skade på utstyr. Dette gjelder også tekniske problem. Alt utstyr tass med på eige ansvar.
§4 Kun anviste inn- og utgang skal nyttast. Unødvendig bruk av nødutgangar vil bli reagert kraftig på.
§5 Piratkopiering og anna ulovleg data er forbode å ha med seg og/eller dele. Filnedlasting og/eller oppbevaring av ulovleg pornografisk materiale vil bli politianmeldt.
§6 Ingen bruk av kvitevarer utanom det tilgjengelig på kjøkkenet (vasskokar, kjøleskap, mikrobølgjeomn osv.)
§7 Kvar plass har ein nettverksport og ein stikkontakt til rådighet, om du vil ha fleire må du ta med deg eigen switch eller forgreinar.
§8 Lydutstyr, (høgtalarar, forsterkarar, osv.), er ikkje tillat. Du kan kun nytta deg av høretelefonar på arrangementet.
§9 Elektronisk skadeverk er ikkje tillate på arrangementet. Dette gjelder medan anna hacking. Me vil heller ikkje ha noko mobbing, verken elektronisk eller verbalt/fysisk.
§10 Soving er kun tillat på anviste plassar.
§11 Forsøpling av området tolererast ikkje. Den som forsøplar må enten utføra oppryddingsarbeidet sjølv eller betala vaskehjelp.
§12 Aldersgrensa er 13 år!
§13 Crew/vaktar har alltid rett!
§14 Noregs lovar gjeld under heile arrangementet.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål? Kontakt oss -----------------------------------------------------------------------------------------------------