Hei og velkomen til zwarte.net!
Sist oppdatert: 2007-07-14 (Portofølje & blogg)
Mitt namn er Peter-Hans de Zwarte, eg er ein gutt på 16 år som opphavlig kjem frå Nederland.
Eg har oppretta denne sida for å dyrke mine hobbyar som er det meste innan IT derav webdesign/webprogrammering.
Min interesse for IT kom nok i 2000 da familien min kjøpte seg sin første datamaskin, ein Packard Bell med Windows 98 Second Edition.
Av ein eller annan merkelig grunn visste eg med ein gong korleis ikon, startmeny, mus osv skulle bli brukt tiltross for at eg aldri hade brukt datamaskiner før.
Eg fekk min første eigne datamaskin i 2003 (trur eg), det var ein Dell Dimension 2400.
Den maskina eg eiger i dag er ein bærbar Dell Inspiron 6000 kjøpt mars 2006 og er den andre maskina mi.
Min interesse for web osv. kom i 2004 då eg byrja på ungdomsskulen i Fusa og blei kjent med Rune Gangstø som allereie dreiv med websider.
Då begynnte eg å eksperimenterte masse med FrontPage og dette trur eg er den fyrste eller andre sida mi. Eg blei ganske imponert då eg fant den igjen for ei lita stund sia, det er jo absolutt ingen dårleg side for ein nybegynnar.
1. desember 2004 kjøpte eg meg webhotell hos Surftown som hadde større lagringsplass, støtte for PHP, MySQL osv.
Eg husker ikkje særlig mykje meir kva eg lærte vidare, men no kan eg iallfall HTML og CSS og drømmer framleis om å lære PHP.
Eg har også lært meg litt Photoshop i det siste.
Til dagleg går eg på Fusa Ungdomskule i 10. klasse. Eg har tenkt å gå elektrofag til neste år og eg håper eg kjem innpå Os VGS. Etter eit år med elektrofag har eg tenkt å søka på Data og Elektronikk og deretter utdana meg Dataelektronikar.
Eg bur 3 kvartersbusstur frå skulen i bygda Strandvik i Fusa kommune, som ikkje ligg så veldig lang frå Bergen, ca 1 t biltur.
Før eg kom til Strandvik i 1997 budde eg på to forskjellige plasser i Nederland og to forskjellige plasser i Lærdal i fylket Sogn og Fjordane. Me flytta også ein gong innanfor Strandvik, men det var berre 100 meter frå eit gammalt hus til det nye huset me bur i no.
- Peter-Hans de Zwarte (2007-05-15) -